Dyttblogg

Vinner av nomineringen i Vårens Store Aktivitetskampanje

Under Vårens Store Aktivitetskampanje kom det inn flere fantastiske nominasjoner med inspirerende historier om hvordan kolleger og venner har motivert og inspirert andre til en morsommere og mer aktiv hverdag. Flere av deltakerne har også gjort store livsstilsforandringer (gått ned i vekt, sluttet å røyke, fått en sunnere livsstil). Blant alle nominasjonene var det en som skilte seg ekstra ut og det var historien om Anders Ellingsen som jobber i Jondal kommune.

La deg inspirere av hans historie...

Eg hadde i 2016 to slag i vetlehjernen, så balanseevna vart øydelagt - ved rehabiliteringsavdelinga på Stord sjukehus fekk dei meg på beina att begge gongene. Siste gong vart eg ikkje heilt god att, slik at det krevst mykje gåing for å halda balansen ved like. Det er nok viktigste motivasjonen min til å gå.

Eg har før prøvd å nå mellom 10 og 15000 steg dagleg. Har gått med eit polar loop armband nokre år, som har registrert aktiviteten. Då eg fekk høyra at Jondal kommune skulle vera med på kampanjen melde eg meg på, noko som førde til auka aktivitet. Målet vart no å klara minst 20 000 skritt dagleg. Kampanjen vart eit samtaleemne på arbeidsplassen, og det var spennande å sjå kor det gjekk frå dag til dag. Dei fleste på min arbeidsplass «Blåhuset», som er kommunehuset har vore med. Det same gjeld heile kommunen.

Viktigaste aktiviteten for meg var gåing. Eg gjekk til og frå arbeid, og så sant veret var brukande, på tur med mor mi som var rullestolbrukar. På grunn av balansen har eg ikkje våga meg til å sykla att etter det siste slaget, men har sykla på ergometersykkel. Eg har då brukt ein belastning som tilsvarar sykkelturen mellom Jondal og Herand, den tid eg sykla der. Avstanden der er 13 km, og eg pleide bruka 1 time på turen. I tillegg kjem sjølvsagt plenslåing og liknande.

Auka aktivitet førde til betre humør, og at eg ikkje vart så snart trøytt. Eg fekk større overskot til å gjera andre ting. 

Dytt førde eit auka konkuranseelement i kvardagen. Ein såg korleis ein låg an i forhold til kollegaene, men kanskje viktigare førde det til at ein såg etter seg sjølv -  prøvde å gjera det betre enn i går. Dette vart eit mål, men lukkast sjølvsagt ikkje alltid. Elles var det kjekt å treffa andre som og var på tur. Det var nok ein betydleg auke i både turgåing rundt her i bygdene, og i fjellet.

Målet er å halda fram med den aktiviteten som ein har oppnådd, og som tilsvarar minst 20 000 steg for dagen.